Breturar |
På Nigardsbreen er det daglege turar på breen. Både for heile familien og for dei meir aktive. |
Urnes stavkyrkje |
Den eldste stavkyrkja i Noreg, også på UNESCO si verdsarvliste. |
Sognefjellet |
Den høgste fjellovergangen i Nord-Europa. Vegen ligg tett opp mot Jotunheimen Nasjonalpark i sør og Breheimen i nord. |
Rafting
Kajakturar på brevatn.
|
Rafting i den Jostedalselva, den ville breelva som kjem frå Jostedalsbreen. Turar for heile familien.
Icetroll arrangerer padleturar på Styggevatnet frå starten av juli (vanlegvis). Her kan ein også nytte sjansen til å gå på Austerdalsbreen som ligg til dels i vatnet. |
Lustrabadet |
Har du lyst til å ta ein dukkert i det nybygde badeanlegget her i Gaupne? Lustrabadet ligg knappe 600 meter frå Sandvik Camping og har til saman 7 basseng, deriblant barnebasseng, velværebasseng og idrettsbasseng. |
Feigumfossen |
På andre sida av Lustrafjorden ligg Feigumfossen, med 218m fritt fall. |
Kayaking |
Kajakkturar på Lustrafjorden, mange opplevingar undervegs. |
River canyoning Glacier hiking |
I Leirdalen kan ein bli med på juving, fjellfiske, breturar og fjellturar i rolege omgjevnadar. |
Breheimsenteret i Jostedal |
Nasjonalparksenter og kafe. Juli 2011 brann Breheimsenteret ned til grunnen. 1. mai 2013 opnar bygget igjen, med den same stilen utandørs, men med fleire praktiske løysingar. Breheimsenteret fungerer både som ein sosial møteplass, men også eit informasjonssenter med souvenirbutikk. Breheimssenteret har turistinformasjon, og booking service for dei fleste aktivitetane i Jostedalen. |
Mountain hikes on your own |
I fjella rundt Gaupne er det mange ulike turar ein kan gjere på eiga hand. DNT hytta på Navarsete er eit godt startpunkt. |
Skiing |
Om vinteren finn ein Sogn skisenter på Hafslo. |