Camping

 

 

Campingplassen ligg i nydelege omgjevnadar inst i Sognefjorden. For telt og camping har me store og romslege områder med plass til 60 einingar.
Til denne sesongen har me renovert heile sanitærbygningen vår, og kan no tilby familierom, med toalett og dusj, og stellerom spessielt tilpassa dei minste. På sanitæranlegget vårt er det også opphaldsrom, med kjøkken, spiseplassar og TV, og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. På campingplassen har me og ein liten kafe, som serverar pizza og andre enkle middagsrettar.


For ungane har me leikeområder med husker, trampoline, sklie og sandkasse.

Overnatting