Eit godt utgangspunkt

 

 

Eit opphald på vår campingplass gjev deg moglegheiter til å bli med på mange forskjellege aktivitetar i området, på eiga hand eller saman med flinke guidar. Campingplassen ligg i eit område mellom tre nasjonalparkar, og den flottaste aktiviteten her er gjerne fotturar i det flotte landskapet. I Jostedalen, 30km frå campingplassen, er det moglegheiter for å bli med breturar på den mest attraktive brearmen til Jostedalsbreen, Nigardsbreen. Jostedalen byr også på moglegheiter for rafting og kajakkturar på brevatn. Leirdalen bre og juv har basen sin 15km frå Sandvik Camping og dei tilbyr juving og fisketurar, det er også moglegheit for å bli med dei på breturar på Tunsbergdalsbreen.
 

Rett over fjorden, 5km frå campingplassen ligg Marifjøra. Der kan ein bli med på utflukt med kajakk, og mellom anna få oppleve nise og kobbe på nært hald.
 

Luster kommune er godt kjent for alle kyrkjene sine. Gamlekyrkja i Gaupne vart bygd i 1647 og er vel verdt eit besøk. Best kjent av alle kyrkjene i Luster, er Urnes Stavkyrkje. Dette er den einaste stavkyrkja som er med på UNESCO si verdsarvliste. Urnes Stavkyrkje ligg i vakre omgjevnadar på sørsida av Lustrafjorden, 20km frå Sandvik Camping.
 

 

 

 

Rundturar