Aktivitetar

Aktivitetar på Sandvik Camping

På Sandvik Camping er det mogleg å leige motorbåt, slik at ein kan utforske fjorden på eiga hand. Me har også syklar for utleige, som gjev moglegheiter til å utforske Gaupne og områda rundt frå sykkelsetet.
 

Vannsportsaktivitetar eller privat sightseeing på fjorden er i periodar mogleg på forespurnad.
 

 Aktivitetar og attraksjonar i området rundt Sandvik Camping.

 

 Breturar

På Nigardsbreen er det daglege turar på breen. Både for heile familien og for dei meir aktive.
Jostedalen breførarlag

Urnes stavkyrkje

Den eldste stavkyrkja i Noreg, også på UNESCO si verdsarvliste.
Urnes stavechurch

Facebook

 Sognefjellet

Den høgste fjellovergangen i Nord-Europa. Vegen ligg tett opp mot Jotunheimen Nasjonalpark i sør og Breheimen i nord.

Sognefjellet

Facebook

Rafting

 

 

 

 

Kajakturar på brevatn.

 

 

 

Rafting i den Jostedalselva, den ville breelva som kjem frå Jostedalsbreen. Turar for heile familien.
Icetroll

 

Icetroll arrangerer padleturar på Styggevatnet frå starten av juli (vanlegvis). Her kan ein også nytte sjansen til å gå på Austerdalsbreen som ligg til dels i vatnet.

Icetroll

Facebook

Lustrabadet

Har du lyst til å ta ein dukkert i det nybygde badeanlegget her i Gaupne? Lustrabadet ligg knappe 600 meter frå Sandvik Camping og har til saman 7 basseng, deriblant barnebasseng, velværebasseng og idrettsbasseng.

Lustrabadet

Facebook

 Feigumfossen

 

På andre sida av Lustrafjorden ligg Feigumfossen, med 218m fritt fall.
Feigumfossen

Facebook

 Kayaking

Kajakkturar på Lustrafjorden, mange opplevingar undervegs.
FjordSeal

River canyoning
Glacier hiking

I Leirdalen kan ein bli med på juving, fjellfiske, breturar og fjellturar i rolege omgjevnadar.
Leirdalen Bre og Juv

Facebook

 Breheimsenteret i Jostedal

Nasjonalparksenter og kafe.

Juli 2011 brann Breheimsenteret ned til grunnen. 1. mai 2013 opnar bygget igjen, med den same stilen utandørs, men med fleire praktiske løysingar. Breheimsenteret fungerer både som ein sosial møteplass, men også eit informasjonssenter med souvenirbutikk. Breheimssenteret har turistinformasjon, og booking service for dei fleste aktivitetane i Jostedalen.

Jostedal Glaciercentre

Facebook

Mountain hikes on your own

I fjella rundt Gaupne er det mange ulike turar ein kan gjere på eiga hand. DNT hytta på Navarsete er eit godt startpunkt.
DNT

 Skiing

Om vinteren finn ein Sogn skisenter på Hafslo.
Sogn skisenter

Facebook