Om Sandvik Camping

 

Pluscamp Sandvik er ein idyllisk familiecamping ved Sognefjorden. Campingplassen ligg midt i ein gamal frukthage, og det er utsikt til ein brearm av Jostedalen frå plassen. Pluscamp Sandvik ligg i eit område mellom tre nasjonalparkar, og er ein god base for aktivitetar og attraksjonar i nærleiken. Det er moglegheiter for å bli med på guida breturar, kajakkturar, rafting og andre organiserte aktivitetar. I fjella rundt Sandvik Camping er det mange merka fjellturar ein kan gå på, mange av dei har fantastisk utsikt. 

Til denne sesongen har me renovert deler av toalettanlegget, og ein finn no heilt nye familierom og stellerom.

 

Klimaet ved Sognefjorden er unikt. Våren med fruktblomstring ved fjorden og snø på fjelltoppane. Sommaren er sjølvsagt den mest hektiske tida med mykje aktivitet alle plassar. Hausten kan ta pusten frå alle og einkvar med alle sine fantastiske haustfargar, dette er også tida for å kjøpe lokal fersk frukt. Vinteren er ei roleg tid, så for deg som likar vinteraktivitetar på ikkje alt for overfylte plassar, så er Sandvik Camping eit godt utgangspunkt. 

Om oss

 

Bileter frå området

Kik innom vårt biletegalleri med bileter frå vakre Luster. Jostedalsbreen, Sognefjorden, Sognefjellet og andre attraksjonar.

 

Biletegalleri